29 Var dei vise, skjøna dei detteog visste kvar det bar.
30 Korleis kan éin mann jaga tusenog to slå ti tusen på flukt,om ikkje deira fjell har selt deiog Herren har gjeve dei opp?
31 For deira berg er ikkje som vårt,det kan fiendane våre dømma om.
32 For vinstokken deira stammar frå Sodomaog frå terrassane i Gomorra.Druene deira er giftige,drueklasane beiske.
33 Slangegift er deira vin,eitrande gift frå ormar.
34 Men alt dette er gøymt hos meg,forsegla i mitt forrådskammer
35 til hemnens dag då gjengjeldinga kjem,då foten deira blir ustø.Ja, ulukkedagen nærmar seg,det som ventar dei, kjem snart.