5. Mosebok
Kapitler 32:33-39
Bibelen 2011 Nynorsk
33Slangegift er deira vin,eitrande gift frå ormar.
34Men alt dette er gøymt hos meg,forsegla i mitt forrådskammer
35 til hemnens dag då gjengjeldinga kjem,då foten deira blir ustø.Ja, ulukkedagen nærmar seg,det som ventar dei, kjem snart.
36Men Herren vil skaffa folket sitt rettog ha medkjensle med sine tenarar,for han ser at makta deira er borte,det er ute med både fange og fri.
37Så spør han: Kvar er no gudane deira,berget der dei søkte tilflukt,
38 dei som åt feittet av slaktofferet deiraog drakk vinen frå drikkofferet?Lat dei reisa seg og hjelpa dykk,lat dei gje dykk ly og vern!
39 Sjå no, eg er Han!Det finst ingen annan gud enn eg.Eg tek liv og gjev liv,eg sårar og eg lækjer,og ingen kan berga noko ut av mi hand.