42 Eg gjer mine piler drukne av blod,blodet av falne og fangar,sverdet mitt skal eta kjøt,hovud av fiendens hovdingar.
43 Pris hans folk, de folkeslag,for han hemnar blodet til sine tenarar.Han tek hemn over fiendaneog gjer soning for sitt land og folk.
44 Moses kom og sa fram heile denne songen, han og Josva, son til Nun, medan folket høyrde på.
45 Då Moses var ferdig med å seia fram alle desse orda for heile Israel,
46 sa han: «Legg dykk no på hjartet alle dei orda som eg i dag har tala til åtvaring for dykk. Og byd borna dykkar at dei skal halda kvart ord i denne lova og leva etter dei.
47 For dette er ikkje tomme ord for dykk, men sjølve livet. Ved desse orda skal de leva lenge i det landet de no skal ta når de går over Jordan.»
48 Same dagen sa Herren til Moses: