45 Då Moses var ferdig med å seia fram alle desse orda for heile Israel,
46 sa han: «Legg dykk no på hjartet alle dei orda som eg i dag har tala til åtvaring for dykk. Og byd borna dykkar at dei skal halda kvart ord i denne lova og leva etter dei.
47 For dette er ikkje tomme ord for dykk, men sjølve livet. Ved desse orda skal de leva lenge i det landet de no skal ta når de går over Jordan.»
48 Same dagen sa Herren til Moses:
49 «Stig opp på Abarim-fjellet, på fjellet Nebo som ligg i Moab, midt imot Jeriko, og sjå ut over Kanaan, det landet eg vil gje israelittane til eige.
50 Og du skal døy på det fjellet som du går opp på, og sameinast med folket ditt, liksom bror din, Aron, døydde på fjellet Hor og vart sameina med folket sitt.
51 Dette skjer fordi de var trulause mot meg blant israelittane ved Meriba-kjelda i Kadesj i Sin-ørkenen og ikkje helga meg blant dei.