5 Dei sveik han med si vonde ferd,dei som ikkje er hans born,ei trulaus og rangsnudd slekt.
6 Er det slik de løner Herren,du dumme, fåvise folk?Er han ikkje din far og skapar?Han forma deg og held deg oppe.
7 Kom dei eldgamle dagar i hug,gjev akt på åra frå slekt til slekt!Spør far din, lat han fortelja deg,spør dei gamle, lat dei gje deg svar.
8 Då Den høgste gav folkeslaga landog skilde menneska frå kvarandre,sette han grenser mellom folkaetter talet på Israels søner.
9 Herrens del er hans eige folk,Jakob er hans arvelut.
10 Herren fann han i ørkenlandet,i den aude, hylande ørkenen.Han verna han, tok hand om hanog vakta han som sin augnestein.
11 Lik ei ørnsom får ungane til å flyga frå reiretog svevar over dei,slik breidde han ut sine venger,greip han og bar han på vengene.