1 Dette er den velsigninga som gudsmannen Moses lyste over israelittane før han døydde:
2 Herren kom frå Sinai,frå Se'ir stråla han fram for dei.I lysglans kom han frå Paran-fjelletmed heilage i titusentalsom strøymde fram på hans høgre side.
3 Ja, han elskar sitt folk.Alle hans heilage er i hans hand.Dei set seg ned ved dine føterog tek imot av dine ord.
4 Moses gav oss ei lov,ein eigedom for Jakobs forsamling.
5 Det stod fram ein konge i Jesjurundå hovdingane i folketkom saman med stammane i Israel.