12 Om Benjamin sa han: Herrens kjære ven bur trygt og sikkert. Herren vernar han heile dagen,mellom skuldrene hans får han bu.
13 Om Josef sa han:Måtte Herren velsigna hans landmed det beste frå himmelen, med dogg,og frå havdjupet som ligg der nede,
14 med den finaste avling som mognast i sol,og det beste som gror medan månen skifter,
15 med det gjævaste frå dei eldgamle fjell,det aller beste frå dei evige høgder,
16 med alt godt som fyller jorda,og med velvilje frå hansom budde i klungeren.Lat dette koma over Josefs hovud,over issen på hansom er fyrste blant sine brør.
17 Staseleg er hans førstefødde okse,han har horn som ein villokse;med dei kan han stanga folka nedheilt til endane av jorda.Dette er Efraim i titusental,dei tusen på tusen menn av Manasse.
18 Om Sebulon sa han:Gled deg, Sebulon, når du dreg ut,gled deg, Jissakar, i dine telt!