14 med den finaste avling som mognast i sol,og det beste som gror medan månen skifter,
15 med det gjævaste frå dei eldgamle fjell,det aller beste frå dei evige høgder,
16 med alt godt som fyller jorda,og med velvilje frå hansom budde i klungeren.Lat dette koma over Josefs hovud,over issen på hansom er fyrste blant sine brør.
17 Staseleg er hans førstefødde okse,han har horn som ein villokse;med dei kan han stanga folka nedheilt til endane av jorda.Dette er Efraim i titusental,dei tusen på tusen menn av Manasse.
18 Om Sebulon sa han:Gled deg, Sebulon, når du dreg ut,gled deg, Jissakar, i dine telt!
19 Dei bed folka koma til fjellet,der ber dei fram rette offer.Dei syg til seg rikdom frå havetog skattar gøymde i sanden.
20 Om Gad sa han:Velsigna er han som lèt Gad få rom!Som ei løvinne er Gad der han bur.Han riv sund både arm og hovud.