17 Staseleg er hans førstefødde okse,han har horn som ein villokse;med dei kan han stanga folka nedheilt til endane av jorda.Dette er Efraim i titusental,dei tusen på tusen menn av Manasse.
18 Om Sebulon sa han:Gled deg, Sebulon, når du dreg ut,gled deg, Jissakar, i dine telt!
19 Dei bed folka koma til fjellet,der ber dei fram rette offer.Dei syg til seg rikdom frå havetog skattar gøymde i sanden.
20 Om Gad sa han:Velsigna er han som lèt Gad få rom!Som ei løvinne er Gad der han bur.Han riv sund både arm og hovud.
21 Han såg seg ut den beste delen,der fekk han lott som ein æra herskar.Når hovdingane i folket kom saman,sette han i verk Herrens rettferdog hans dommar i Israel.
22 Om Dan sa han:Dan er ein løveungesom spring fram frå Basan.
23 Om Naftali sa han:Naftali er metta med Herrens velviljeog fylt av hans velsigning.Han tek land i vest og sør.