26 Ingen er som Jesjuruns Gud.Han rid fram over himmelenfor å koma deg til hjelp,rid på skyene i sitt velde.
27 Ein bustad er den eldgamle Gud,her nede er hans evige armar.Han dreiv fienden bort for degog sa: «Rydd ut!»
28 Sidan bur Israel trygt,Jakobs kjelde har fredi eit land med korn og ny vin,der dogga dryp frå himmelen.
29 Sæl er du, Israel. Kven er som du?Du er eit folk som er frelst av Herren,ditt vernande skjold og ditt sigrande sverd.Dine fiendar skal krypa for degmedan du skrid fram over høgdene deira.