7 Dette gjeld Juda. Han sa: Herre, høyr ropa frå Judaog lat han koma til folket sitt!Med hendene strider han for det.Ver hans hjelp mot fiendane!
8 Om Levi sa han:Dine tummim og urimskal vera hos din trufaste mann,han som du sette på prøve ved Massaog stridde mot ved Meriba-kjelda.
9 Han sa om far sin og mor si:«Eg har aldri sett dei.»Han kjendest ikkje ved sine brørog ville ikkje vita av sine born.For dei tok vare på ditt ordog verna om di pakt.
10 Dei skal læra Jakob dine bodog Israel di lov.Dei skal bera fram røykjelse til din naseog heiloffer på ditt altar.
11 Herre, velsigna hans kraftog ta vel imot verket frå hans hender!Knus hoftene på hans motstandarar og fiendarså dei aldri reiser seg meir!
12 Om Benjamin sa han: Herrens kjære ven bur trygt og sikkert. Herren vernar han heile dagen,mellom skuldrene hans får han bu.
13 Om Josef sa han:Måtte Herren velsigna hans landmed det beste frå himmelen, med dogg,og frå havdjupet som ligg der nede,