1 Så gjekk Moses frå slettene i Moab opp på Nebo, toppen av Pisga-fjellet, som ligg rett imot Jeriko. Og Herren viste han heile landet: Gilead like til Dan,
2 heile Naftali, Efraims og Manasses land og heile Judas land til havet i vest,
3 Negev og Jordan-sletta ved Jeriko-dalen – Palmebyen – heilt ned til Soar.
4 Og Herren sa til han: «Dette er det landet som eg med eid lova Abraham, Isak og Jakob at eg ville gje etterkomarane deira. No har eg late deg sjå det med eigne auge, men du får ikkje koma over dit.»