1 Og no, Israel! Høyr dei forskriftene og lovene som eg lærer dykk å halda, så de kan få leva og koma inn i det landet som Herren, dykkar fedrars Gud, vil gje dykk, og ta det i eige.
2 De skal ikkje leggja noko til det eg byd dykk, og ikkje ta noko ifrå, men halda dei boda frå Herren dykkar Gud som eg gjev dykk.
3 Med eigne auge har de sett kva Herren gjorde ved Baal-Peor. Herren din Gud utrydda kvar den som følgde Baal-Peor hos deg.
4 Men de som heldt fast ved Herren dykkar Gud, har alle fått leva til denne dag.