10 om den dagen då du stod framfor Herren din Gud ved Horeb, den gongen Herren sa til meg: «Kall folket saman for meg! Eg vil la dei høyra orda mine, så dei kan læra å frykta meg så lenge dei lever i landet, og læra borna sine det same.»
11 Då kom de og stod innmed foten av fjellet, og fjellet brann med eldtunger som nådde inn i himmelen. Det var mørker, skyer og skodde.
12 Og Herren tala til dykk ut frå elden. De høyrde lyden av orda, men såg ingen skapnad. Det var berre ei røyst.
13 Han kunngjorde pakta si som han påla dykk å halda, dei ti boda som han skreiv på to steintavler.
14 Den gongen påla Herren meg å læra dykk dei forskriftene og lovene de skal leva etter i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.
15 Ta dykk vel i akt! De såg ingen skapnad den dagen Herren tala til dykk ut frå elden på Horeb.
16 Difor må de ikkje gjera noko så øydeleggjande som å laga dykk gudebilete av nokon skapnad, ikkje noko bilete med form som ein mann eller ei kvinne,