14 Den gongen påla Herren meg å læra dykk dei forskriftene og lovene de skal leva etter i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.
15 Ta dykk vel i akt! De såg ingen skapnad den dagen Herren tala til dykk ut frå elden på Horeb.
16 Difor må de ikkje gjera noko så øydeleggjande som å laga dykk gudebilete av nokon skapnad, ikkje noko bilete med form som ein mann eller ei kvinne,
17 eit dyr på jorda eller ein fugl som flyg under himmelen,
18 eit kryp på marka eller ein fisk i vatnet under jorda.
19 Og når du lyfter auga dine opp mot himmelen og ser sola og månen og stjernene, heile himmelhæren, må du heller ikkje la deg riva med så du tilbed dei og dyrkar dei, for desse har Herren din Gud gjeve til alle folka under himmelen.
20 Men dykk har Herren teke og ført ut or smelteomnen, ut frå Egypt, for at de skal vera eigedomsfolket hans, slik de er i dag.