28 Der kjem de til å dyrka gudar som er laga av menneskehender, stokk og stein som korkje kan sjå eller høyra, eta eller lukta.
29 Men dersom de søkjer Herren din Gud der, skal du finna han når du søkjer han av heile ditt hjarte og heile di sjel.
30 I di naud, når alt dette rammar deg i dagar som kjem, skal du venda om til Herren din Gud og høyra på røysta hans.
31 For Herren din Gud er ein miskunnsam Gud. Han slepper deg ikkje og øydelegg deg ikkje. Han gløymer ikkje den pakta han gjorde med fedrane dine, og som han stadfeste med eid.
32 Spør berre om dei framfarne dagar som var lenge før di tid, alt frå den dagen då Gud skapte menneska på jorda, spør frå den eine enden av himmelen til den andre: Har det hendt noko så stort som dette, har nokon høyrt om slikt?
33 Har noko folk høyrt ei guderøyst tala ut frå elden, slik som du gjorde, og endå fått leva?
34 Eller har nokon gud prøvd å koma og henta seg eit folk ut frå eit anna, ved prøvingar og teikn, ved under og krig, med sterk hand og utstrekt arm og store, skremmelege gjerningar? Alt dette såg du at Herren dykkar Gud gjorde for dykk i Egypt.