34 Eller har nokon gud prøvd å koma og henta seg eit folk ut frå eit anna, ved prøvingar og teikn, ved under og krig, med sterk hand og utstrekt arm og store, skremmelege gjerningar? Alt dette såg du at Herren dykkar Gud gjorde for dykk i Egypt.
35 Du fekk sjå det for at du skulle vita at det er Herren som er Gud, og at ingen er til utanom han.
36 Frå himmelen lét han deg høyra røysta si for å rettleia deg; på jorda lét han deg sjå sin store eld, og ut frå elden høyrde du orda hans.
37 Han elska fedrane dine og valde ut etterkomarane deira. Difor har han ved sitt nærvær og med si store kraft ført deg ut frå Egypt.
38 For di skuld driv han ut folkeslag som er større og sterkare enn du, og fører deg inn i landet deira og gjev deg det til eige, slik det er i dag.
39 Så skal du no vita og leggja deg på hjartet at Herren er Gud, både oppe i himmelen og nede på jorda, og det finst ingen annan.
40 Du skal halda forskriftene og boda hans som eg gjev deg i dag. Då kan det gå deg vel, og borna dine etter deg, og du kan leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg for all framtid.