38 For di skuld driv han ut folkeslag som er større og sterkare enn du, og fører deg inn i landet deira og gjev deg det til eige, slik det er i dag.
39 Så skal du no vita og leggja deg på hjartet at Herren er Gud, både oppe i himmelen og nede på jorda, og det finst ingen annan.
40 Du skal halda forskriftene og boda hans som eg gjev deg i dag. Då kan det gå deg vel, og borna dine etter deg, og du kan leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg for all framtid.
41 På den tid skilde Moses ut tre byar på den andre sida av Jordan, der sola står opp.
42 Dit kunne ein drapsmann rømma når han hadde slege nokon i hel av vanvare og ikkje bar hat til han frå før. Rømde han til ein av desse byane, kunne han berga livet.
43 Beser på slettelandet i ørkenen skulle vera for rubenittane, Ramot i Gilead for gadittane og Golan i Basan for Manasse.
44 Dette er den lova Moses la fram for israelittane.