45 Dette er dei reglar, forskrifter og lover som Moses kunngjorde for israelittane då dei hadde drege ut frå Egypt.
46 Dei var på den andre sida av Jordan, i dalen midt imot Bet-Peor, i landet til amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon. Det var han som Moses og israelittane slo då dei drog ut frå Egypt.
47 Og dei tok både hans land og landet til kong Og i Basan, to amorittkongar som rådde over landet på den andre sida av Jordan, der sola står opp,
48 frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, til Sirjon-fjellet, som blir kalla Hermon,
49 og dessutan heile Araba-sletta på den andre sida av Jordan, mot aust, heilt til Araba-sjøen nedanfor Pisga-liene.