7 Kvar finst det vel eit stort folk med ein gud som er så nær dei som Herren vår Gud er nær oss kvar gong vi kallar på han?
8 Og kvar finst det vel eit stort folk som har så rettferdige forskrifter og lover som heile den lova eg legg fram for dykk i dag?
9 Ta deg i vare og vakta deg vel så du ikkje gløymer det du har sett med eigne auge. Lat det aldri gå deg av minne så lenge du lever, men fortel borna og barneborna dine om det,
10 om den dagen då du stod framfor Herren din Gud ved Horeb, den gongen Herren sa til meg: «Kall folket saman for meg! Eg vil la dei høyra orda mine, så dei kan læra å frykta meg så lenge dei lever i landet, og læra borna sine det same.»
11 Då kom de og stod innmed foten av fjellet, og fjellet brann med eldtunger som nådde inn i himmelen. Det var mørker, skyer og skodde.
12 Og Herren tala til dykk ut frå elden. De høyrde lyden av orda, men såg ingen skapnad. Det var berre ei røyst.
13 Han kunngjorde pakta si som han påla dykk å halda, dei ti boda som han skreiv på to steintavler.