13 Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning,
14 men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje oksen eller eselet eller noko anna av dyra dine, eller innflyttaren som bur i byane dine, slik at slaven og slavekvinna skal få kvila, dei som du.
15 Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt då Herren din Gud førte deg ut derifrå med sterk hand og utstrekt arm. Difor har Herren din Gud pålagt deg å halda sabbatsdagen.
16 Du skal heidra far din og mor di, slik Herren din Gud har bode deg. Då skal du få leva lenge, og det skal gå deg vel i det landet Herren din Gud gjev deg.
17 Du skal ikkje slå i hel.
18 Du skal ikkje bryta ekteskapet.
19 Du skal ikkje stela.