15 Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt då Herren din Gud førte deg ut derifrå med sterk hand og utstrekt arm. Difor har Herren din Gud pålagt deg å halda sabbatsdagen.
16 Du skal heidra far din og mor di, slik Herren din Gud har bode deg. Då skal du få leva lenge, og det skal gå deg vel i det landet Herren din Gud gjev deg.
17 Du skal ikkje slå i hel.
18 Du skal ikkje bryta ekteskapet.
19 Du skal ikkje stela.
20 Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.
21 Du skal ikkje trå etter kona til nesten din. Du skal ikkje ha lyst på huset eller jorda til nesten din, slaven eller slavekvinna, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.