16 Du skal heidra far din og mor di, slik Herren din Gud har bode deg. Då skal du få leva lenge, og det skal gå deg vel i det landet Herren din Gud gjev deg.
17 Du skal ikkje slå i hel.
18 Du skal ikkje bryta ekteskapet.
19 Du skal ikkje stela.
20 Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.
21 Du skal ikkje trå etter kona til nesten din. Du skal ikkje ha lyst på huset eller jorda til nesten din, slaven eller slavekvinna, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.
22 Desse orda tala Herren med høg røyst til heile dykkar forsamling på fjellet, ut frå elden, skya og skodda. Han la ikkje til noko. Han skreiv orda på to steintavler og gav dei til meg.