21 Du skal ikkje trå etter kona til nesten din. Du skal ikkje ha lyst på huset eller jorda til nesten din, slaven eller slavekvinna, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.
22 Desse orda tala Herren med høg røyst til heile dykkar forsamling på fjellet, ut frå elden, skya og skodda. Han la ikkje til noko. Han skreiv orda på to steintavler og gav dei til meg.
23 Då de høyrde røysta ut frå mørkret medan fjellet stod i lys loge, kom de til meg, alle stammehovdingane og dei eldste iblant dykk,
24 og sa: «Sjå, Herren vår Gud har synt oss sin herlegdom og sitt velde, og vi har høyrt røysta hans ut frå elden. I dag har vi sett at menneske kan høyra Gud tala og endå få leva.
25 Kvifor skal vi då døy no? Denne store elden kjem til å gjera ende på oss. Høyrer vi endå lenger på røysta til Herren vår Gud, så døyr vi.
26 For finst det nokon skapning som har høyrt den levande Gud tala ut frå elden, slik som vi, og endå fått leva?
27 Gå du bort dit og høyr kva Herren vår Gud seier! Så kan du fortelja oss alt det som Herren vår Gud seier til deg, og vi skal høyra det og leva etter det.»