7 Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.
8 Du skal ikkje laga deg gudebilete av nokon skapnad oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda.
9 Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg freista til å dyrka dei. For eg, Herren din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar borna i tredje og fjerde slektsledd for synda til fedrane når dei hatar meg,
10 men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine.
11 Du skal ikkje misbruka namnet til Herren din Gud, for Herren lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans.
12 Du skal akta på sabbatsdagen og halda han heilag, slik Herren din Gud har bode deg!
13 Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning,