11 velfylte hus som du ikkje har fylt, utgravne brønnar som du ikkje har grave, vinmarker og oliventre som du ikkje har planta. Når du så har ete deg mett,
12 ta deg då i vare så du ikkje gløymer Herren, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.
13 Herren din Gud skal du frykta, han skal du tena, og ved hans namn skal du sverja.
14 De skal ikkje følgja andre gudar, slike gudar som grannefolka dykkar følgjer.
15 For Herren din Gud, som er hos deg, er ein nidkjær Gud. Harmen hans kunne flamma opp mot deg og utrydda deg frå jorda.
16 De skal ikkje setja Herren dykkar Gud på prøve, slik som de gjorde ved Massa.
17 Legg vinn på å halda lovene til Herren dykkar Gud, dei boda og forskriftene som han har gjeve deg.