14 De skal ikkje følgja andre gudar, slike gudar som grannefolka dykkar følgjer.
15 For Herren din Gud, som er hos deg, er ein nidkjær Gud. Harmen hans kunne flamma opp mot deg og utrydda deg frå jorda.
16 De skal ikkje setja Herren dykkar Gud på prøve, slik som de gjorde ved Massa.
17 Legg vinn på å halda lovene til Herren dykkar Gud, dei boda og forskriftene som han har gjeve deg.
18 Du skal gjera det som er rett og godt i Herrens auge, så det kan gå deg vel. Då skal du få koma inn og ta i eige det gode landet som Herren med eid lova fedrane våre.
19 Herren vil driva ut alle fiendane dine for deg, slik som han har sagt.
20 Når son din i morgon spør deg: «Kva tyder desse boda, forskriftene og reglane som Herren vår Gud har gjeve dykk?»