3 Høyr då, Israel! Legg vinn på å leva etter dei! Då skal det gå deg vel. De skal bli talrike, slik som Herren, dine fedrars Gud, har lova deg, i eit land som fløymer med mjølk og honning.
4 Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin.
5 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt.
6 Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjartet ditt.
7 Du skal innprenta dei i borna dine og snakka om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.
8 Du skal binda dei om handa di som eit teikn og bera dei på panna som eit merke.
9 Du skal skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.