1 Når no Herren din Gud fører deg til det landet som du er på veg til og skal leggja under deg, vil han driva ut mange folkeslag for deg: hetittane, girgasjittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, sju folkeslag som er større og sterkare enn du.
2 Når Herren din Gud gjev dei i di makt, så du vinn over dei, skal du slå dei med bann. Du må ikkje gjera noka pakt med dei og ikkje visa dei nåde.
3 Du må ikkje knyta slektsband med dei. Gjev ikkje dotter di til son hans, og ta ikkje dotter hans til kone for son din.
4 For dei vil få borna dine til å venda seg bort frå meg og dyrka andre gudar. Då kjem Herrens harme til å loga mot dykk, og han vil snart utrydda deg.
5 Nei, slik skal de gjera med dei: Riv ned altara deira, slå sund steinstøttene, hogg ned Asjera-pålane og brenn gudebileta.
6 For du er eit heilagt folk for Herren din Gud. Blant alle folk på jorda har Herren din Gud valt deg ut til å vera hans folk, hans kostelege eigedom.