16 Du skal utrydda alle dei folka som Herren din Gud overgjev deg, og du skal ikkje visa dei medkjensle. Du skal ikkje dyrka gudane deira. Gjer du det, er du fanga i ei felle.
17 Om du seier i hjartet: «Desse folkeslaga er større enn eg. Korleis skal eg greia å driva dei ut?»
18 då skal du ikkje vera redd dei. Hugs kva Herren din Gud gjorde med farao og heile Egypt,
19 dei mektige gjerningane, teikna og undera som auga dine såg då Herren med sterk hand og utstrekt arm førte deg ut. Det same skal Herren din Gud gjera med alle dei folka du no er redd.
20 Herren din Gud skal jamvel senda ein bisverm over dei, heilt til alle som er att eller har gøymt seg for deg, har gått til grunne.
21 Lat deg ikkje skremma av dei, for Herren din Gud er hos deg, ein Gud som er stor og vekkjer frykt.
22 Smått om senn skal Herren din Gud driva desse folkeslaga ut for deg. Du kan ikkje gjera ende på dei med ein gong, for då kunne villdyra bli for mange for deg.