7 Når Herren hadde godhug for dykk og valde dykk ut, var det ikkje fordi de var større enn alle andre folk; for de er det minste av alle folka.
8 Men fordi Herren elska dykk og ville halda den eiden han hadde svore fedrane dykkar, førte Herren dykk ut med sterk hand. Han fria deg ut frå slavehuset, frå handa til farao, egyptarkongen.
9 Så vit då at det er Herren din Gud som er Gud, den trufaste Gud som held si pakt og viser kjærleik i tusen ledd mot dei som elskar han og held boda hans,
10 men som gjev att i same stund og gjer ende på dei som hatar han. Han er ikkje sein med å straffa den som hatar han.
11 Så hald då fast ved dei boda, forskriftene og lovene som eg gjev deg i dag, og lev etter dei.
12 Dersom de høyrer desse lovene, held dei og gjer etter dei, skal Herren din Gud halda fast ved si pakt og sin kjærleik som han med eid lova fedrane dine.
13 Han skal elska deg og velsigna deg og gjera deg talrik. Han skal velsigna frukta av ditt morsliv og frukta av ditt åkerland, korn, ny vin og fin olje, det som blir fødd av storfe, og det som kjem til av småfe, i det landet han med eid lova fedrane dine å gje deg.