9 Så vit då at det er Herren din Gud som er Gud, den trufaste Gud som held si pakt og viser kjærleik i tusen ledd mot dei som elskar han og held boda hans,
10 men som gjev att i same stund og gjer ende på dei som hatar han. Han er ikkje sein med å straffa den som hatar han.
11 Så hald då fast ved dei boda, forskriftene og lovene som eg gjev deg i dag, og lev etter dei.
12 Dersom de høyrer desse lovene, held dei og gjer etter dei, skal Herren din Gud halda fast ved si pakt og sin kjærleik som han med eid lova fedrane dine.
13 Han skal elska deg og velsigna deg og gjera deg talrik. Han skal velsigna frukta av ditt morsliv og frukta av ditt åkerland, korn, ny vin og fin olje, det som blir fødd av storfe, og det som kjem til av småfe, i det landet han med eid lova fedrane dine å gje deg.
14 Velsigna skal du vera framfor alle andre folk. Hos deg skal ingen vera ufruktbare, korkje menn eller kvinner eller nokon av husdyra dine.
15 Herren skal halda all sjukdom borte frå deg. På deg skal han ikkje leggja nokon av dei vonde farsottene som du kjenner frå Egypt, men han skal leggja dei på alle som hatar deg.