12 Når du et og blir mett, når du byggjer deg fine hus og får bu i dei,
13 når storfeet og småfeet ditt aukar, når du får mengder av gull og sølv og eigedomane dine veks,
14 ta deg då i vare så du ikkje blir hovmodig og gløymer Herren din Gud som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.
15 Han førte deg gjennom den store, uhyggjelege ørkenen med giftslangar og skorpionar, eit uttørka land utan vatn. Han lét vatnet strøyma for deg frå harde fjellet,
16 han lét deg eta manna i ørkenen, ein mat som fedrane dine aldri hadde høyrt om. Alt dette gjorde han fordi han ville audmjuka deg og prøva deg og så gjera vel mot deg til slutt.
17 Du kan seia i hjartet ditt: «Det er mi eiga kraft og mi sterke hand som har skaffa meg denne rikdomen.»
18 Men hugs Herren din Gud, for det er han som gjev deg kraft til å vinna rikdom. Slik vil han stå ved den pakta som han gjorde med fedrane dine, slik han òg gjer det i dag.