14 ta deg då i vare så du ikkje blir hovmodig og gløymer Herren din Gud som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.
15 Han førte deg gjennom den store, uhyggjelege ørkenen med giftslangar og skorpionar, eit uttørka land utan vatn. Han lét vatnet strøyma for deg frå harde fjellet,
16 han lét deg eta manna i ørkenen, ein mat som fedrane dine aldri hadde høyrt om. Alt dette gjorde han fordi han ville audmjuka deg og prøva deg og så gjera vel mot deg til slutt.
17 Du kan seia i hjartet ditt: «Det er mi eiga kraft og mi sterke hand som har skaffa meg denne rikdomen.»
18 Men hugs Herren din Gud, for det er han som gjev deg kraft til å vinna rikdom. Slik vil han stå ved den pakta som han gjorde med fedrane dine, slik han òg gjer det i dag.
19 Men om du gløymer Herren din Gud og følgjer andre gudar, dyrkar dei og tilbed dei, då skal de gå til grunne. Det er vitnemålet mitt til dykk i dag.
20 Liksom folkeslaga Herren utryddar for dykk, skal de sjølve gå til grunne fordi de ikkje ville høyra på røysta til Herren dykkar Gud.