4 Kleda du hadde på deg, vart ikkje utslitne, og føtene dine hovna ikkje i desse førti åra.
5 Og du skal vita i hjartet ditt at Herren din Gud vil oppdra deg liksom ein mann oppdreg son sin.
6 Då skal du òg halda boda til Herren din Gud så du går på hans vegar og har age for han.
7 For Herren din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med rennande bekker, med kjelder og vassårer som spring fram i dalane og på fjellet,
8 eit land med kveite og bygg, med vinstokkar, fikentre og granatepletre, eit land med olivenolje og honning,
9 eit land der du ikkje skal eta brødet ditt i fattigdom og ikkje mangla nokon ting, eit land der det er jern i steinane og du kan bryta kopar ut av fjellet.
10 Der skal du eta og bli mett og velsigna Herren din Gud for det gode landet han har gjeve deg.