5 Og du skal vita i hjartet ditt at Herren din Gud vil oppdra deg liksom ein mann oppdreg son sin.
6 Då skal du òg halda boda til Herren din Gud så du går på hans vegar og har age for han.
7 For Herren din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med rennande bekker, med kjelder og vassårer som spring fram i dalane og på fjellet,
8 eit land med kveite og bygg, med vinstokkar, fikentre og granatepletre, eit land med olivenolje og honning,
9 eit land der du ikkje skal eta brødet ditt i fattigdom og ikkje mangla nokon ting, eit land der det er jern i steinane og du kan bryta kopar ut av fjellet.
10 Der skal du eta og bli mett og velsigna Herren din Gud for det gode landet han har gjeve deg.
11 Ta deg i vare så du ikkje gløymer Herren din Gud og lèt vera å halda boda, lovene og forskriftene hans som eg i dag byd deg å halda.