7 For Herren din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med rennande bekker, med kjelder og vassårer som spring fram i dalane og på fjellet,
8 eit land med kveite og bygg, med vinstokkar, fikentre og granatepletre, eit land med olivenolje og honning,
9 eit land der du ikkje skal eta brødet ditt i fattigdom og ikkje mangla nokon ting, eit land der det er jern i steinane og du kan bryta kopar ut av fjellet.
10 Der skal du eta og bli mett og velsigna Herren din Gud for det gode landet han har gjeve deg.
11 Ta deg i vare så du ikkje gløymer Herren din Gud og lèt vera å halda boda, lovene og forskriftene hans som eg i dag byd deg å halda.
12 Når du et og blir mett, når du byggjer deg fine hus og får bu i dei,
13 når storfeet og småfeet ditt aukar, når du får mengder av gull og sølv og eigedomane dine veks,