18 Så fall eg ned framfor Herrens andlet slik eg før hadde gjort. I førti dagar og førti netter åt eg ikkje brød og drakk eg ikkje vatn, for de hadde synda, gjort det som vondt er i Herrens auge og gjort han rasande.
19 For eg var redd at Herren hadde vorte så brennande harm og vreid på dykk at han ville utrydda dykk. Men Herren høyrde bøna mi denne gongen òg.
20 Sjølv mot Aron var han så harm at han ville utsletta han. Difor bad eg òg for Aron den gongen.
21 Og synda de hadde gjort, kalven, tok eg og brende. Eg knuste han og mol han til fint støv. Så kasta eg støvet i bekken som renn ned frå fjellet.
22 I Tabera, Massa og Kibrot-Hattaava vekte de òg Herrens harme.
23 Og då Herren sende dykk ut frå Kadesj-Barnea og sa at de skulle dra opp og ta det landet som han hadde gjeve dykk, sette de dykk opp mot det Herren dykkar Gud hadde sagt. De trudde ikkje på han og høyrde ikkje på røysta hans.
24 Så lenge eg har kjent dykk, har de gjort opprør mot Herren.