20 Sjølv mot Aron var han så harm at han ville utsletta han. Difor bad eg òg for Aron den gongen.
21 Og synda de hadde gjort, kalven, tok eg og brende. Eg knuste han og mol han til fint støv. Så kasta eg støvet i bekken som renn ned frå fjellet.
22 I Tabera, Massa og Kibrot-Hattaava vekte de òg Herrens harme.
23 Og då Herren sende dykk ut frå Kadesj-Barnea og sa at de skulle dra opp og ta det landet som han hadde gjeve dykk, sette de dykk opp mot det Herren dykkar Gud hadde sagt. De trudde ikkje på han og høyrde ikkje på røysta hans.
24 Så lenge eg har kjent dykk, har de gjort opprør mot Herren.
25 Så fall eg ned for Herrens andlet og låg der i førti dagar og førti netter fordi Herren hadde sagt at han ville utrydda dykk.
26 Og eg bad til Herren og sa: «Herre, min Gud, øydelegg ikkje ditt eige folk som du fria ut i ditt velde og førte ut frå Egypt med sterk hand.