5. Mosebok
Kapitler 9:26-29
Bibelen 2011 Nynorsk
26 Og eg bad til Herren og sa: «Herre, min Gud, øydelegg ikkje ditt eige folk som du fria ut i ditt velde og førte ut frå Egypt med sterk hand.
27Hugs tenarane dine, Abraham, Isak og Jakob, og sjå ikkje på kor hardt, lovlaust og syndig dette folket er!
28 Elles kunne dei seia i det landet du førte oss ut frå: Herren makta ikkje å føra dei til det landet han hadde lova dei. Han hata dei, og difor førte han dei ut i ørkenen for å døy.
29Dei er då ditt folk og din eigedom, som du har ført ut med di store kraft og din utstrekte arm.»