5 Det er ikkje fordi du er rettferdig og rettvis at du får gå inn og leggja landet deira under deg. Nei, fordi dei har gjort urett, tek Herren din Gud landet frå desse folkeslaga, og fordi Herren vil halda den lovnaden han med eid gav fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.
6 Så skal du då vita at det ikkje er på grunn av di rettferd Herren din Gud lèt deg få ta dette gode landet, for du er eit stivnakka folk.
7 Hugs det, og gløym aldri korleis du vekte Herren din Guds harme i ørkenen. Heilt frå den dagen du gjekk ut frå Egypt og til de kom til denne staden, har de stadig gjort opprør mot Herren.
8 Ved Horeb vekte de Herrens harme. Han vart så vreid at han ville gjera ende på dykk.
9 Då eg gjekk opp på fjellet for å ta imot steintavlene, tavlene med pakta som Herren hadde gjort med dykk, vart eg verande på fjellet i førti dagar og førti netter utan å eta brød og utan å drikka vatn.
10 Herren gav meg dei to steintavlene, skrivne med Guds finger. På dei stod alle dei orda som Herren hadde tala til dykk ut frå elden på fjellet den dagen de var samla der.
11 Då dei førti dagane og nettene var over, gav Herren meg dei to steintavlene, pakttavlene.