9 Då eg gjekk opp på fjellet for å ta imot steintavlene, tavlene med pakta som Herren hadde gjort med dykk, vart eg verande på fjellet i førti dagar og førti netter utan å eta brød og utan å drikka vatn.
10 Herren gav meg dei to steintavlene, skrivne med Guds finger. På dei stod alle dei orda som Herren hadde tala til dykk ut frå elden på fjellet den dagen de var samla der.
11 Då dei førti dagane og nettene var over, gav Herren meg dei to steintavlene, pakttavlene.
12 Og Herren sa til meg: «Stå opp og skund deg ned herifrå! Folket ditt, som du førte ut frå Egypt, har gjort noko forferdeleg. Dei har vore snare til å ta av frå den vegen eg sa dei skulle gå. Dei har støypt seg eit gudebilete.»
13 Og Herren sa til meg: «Eg har sett dette folket. Sjå for eit stivnakka folk det er!
14 Gå frå meg, så eg kan utrydda dei og utsletta namnet deira under himmelen. Deg vil eg gjera til eit folk som er sterkare og større enn dette.»
15 Så snudde eg meg og gjekk ned frå det brennande fjellet. I begge hender hadde eg dei to pakttavlene.