3 Kongen sa til Aspenas, hoffsjefen, at han skulle henta nokre israelittar frå kongsætta og frå dei fremste familiane,
4 unge gutar utan feil på kroppen og vakre å sjå til, kunnige i alle slag visdom, kunnskapsrike og lærenæme, skikka til å gjera teneste i kongens slott. Dei skulle han læra opp i skriftene og språket til kaldearane.
5 Kongen fastsette at dei kvar dag skulle få eta maten og drikka vinen frå kongens bord. I tre år skulle dei få opplæring, og etter den tid skulle dei gå i teneste for kongen.
6 Mellom dei var jødane Daniel, Hananja, Misjael og Asarja.
7 Hoffsjefen gav dei nye namn. Daniel kalla han for Beltsasar, Hananja for Sjadrak, Misjael for Mesjak og Asarja for Abed-Nego.
8 Daniel sette seg føre at han ikkje ville gjera seg urein med maten og vinen frå kongens bord. Han bad hoffsjefen om å få sleppa å gjera seg urein.
9 Og Gud laga det så at hoffsjefen fekk godhug og velvilje for Daniel.