9 Eg høyrde lyden av orda hans, og då eg høyrde lyden, fall eg i uvit med andletet mot jorda.
10 Då rørte ei hand meg, riste i meg og fekk meg opp på hender og kne.
11 Han sa til meg: «Daniel, du som er så høgt elska, forstå dei orda som eg vil tala til deg. Reis deg opp! For no er eg send til deg.» Då han tala desse orda til meg, reiste eg meg skjelvande opp.
12 Så sa han til meg: «Ver ikkje redd, Daniel! For frå den første dagen du vigde hjartet til å vinna innsikt og audmjuka deg for din Gud, har orda dine vore høyrde, og på grunn av orda dine er eg komen.
13 Fyrsten over Persarriket gjorde motstand mot meg i tjueein dagar. Då kom Mikael, ein av dei fremste fyrstane, og hjelpte meg der eg var halden tilbake hos persarkongane.
14 No er eg komen for å få deg til å forstå kva som skal henda folket ditt i dei siste dagar. For dette er endå eit syn som gjeld dei dagane.»
15 Medan han tala slik til meg, bøygde eg andletet mot jorda, mållaus.