15 Kongen i nord skal koma, kasta opp ein voll og ta ein festningsby. Hærstyrkane frå sør held ikkje stand, ikkje eingong dei beste av mennene hans har kraft til å halda stand.
16 Han som går til åtak, gjer som han vil, og ingen kan stå seg imot han. Han får fotfeste i det herlege landet og har øydelegging i si hand.
17 Han set seg føre å få heile riket til kongen i sør i si makt. Difor gjer han ei semje med han og gjev han ei ung kvinne for å øydeleggja riket. Men det skal ikkje skje, det lukkast ikkje for han.
18 Så skal han venda seg mot kystlanda og ta mange av dei. Men ein hærførar gjer ende på spotten hans og vender spotten mot han sjølv.
19 Så vender han seg mot festningane i sitt eige land. Men han vaklar, fell og blir borte.
20 I hans stad skal det stå fram ein som sender ein skattekrevjar gjennom det landet som er til pryd for kongeriket. Kort tid etter blir han knust, men ikkje ved vreide og ikkje i krig.
21 I hans stad skal det stå fram ein som blir forakta. Han har ikkje fått kongeleg makt, men kjem uventa og riv kongsmakta til seg med list.