25 Så samlar han alt sitt mot og all si makt mot kongen i sør og kjem med ein stor hær. Kongen i sør rustar seg òg til krig med ein stor og slagkraftig hær. Men han kan ikkje stå seg, for det blir lagt vonde planar mot han.
26 Dei som et ved hans bord, knuser han. Hæren hans blir skyld bort, og mange blir drepne og fell.
27 Begge kongane har vondt i sinne. Dei sit ved same bord og talar løgn. Men det skal ikkje lukkast, for enden kjem først til fastsett tid.
28 Han vender heim att til landet sitt med stort bytte, men i hjartet er han motstandar av den heilage pakta. Han gjer det han vil, og vender attende til landet sitt.
29 Til fastsett tid skal han dra mot sør att, men denne gongen går det ikkje som sist.
30 Kitteiske skip kjem mot han, og han mistar motet. Han snur om og lèt harmen gå ut over den heilage pakta. Så vender han attende og lyttar til dei som har svikta den heilage pakta.
31 Nokre av hans hærstyrkar kjem og vanhelgar tempelborga, tek bort det daglege offeret og set opp det motbydelege som øydelegg.