28 Han vender heim att til landet sitt med stort bytte, men i hjartet er han motstandar av den heilage pakta. Han gjer det han vil, og vender attende til landet sitt.
29 Til fastsett tid skal han dra mot sør att, men denne gongen går det ikkje som sist.
30 Kitteiske skip kjem mot han, og han mistar motet. Han snur om og lèt harmen gå ut over den heilage pakta. Så vender han attende og lyttar til dei som har svikta den heilage pakta.
31 Nokre av hans hærstyrkar kjem og vanhelgar tempelborga, tek bort det daglege offeret og set opp det motbydelege som øydelegg.
32 Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med glatte ord. Men det folket som kjenner sin Gud, skal stå fast, også i handling.
33 Dei kloke i folket hjelper dei mange til innsikt. Men ei kort tid fell dei som offer for sverd og eld, fangenskap og plyndring.
34 Når dei fell, får dei berre litt hjelp. Mange sluttar seg til dei, men med baktankar.