31 Nokre av hans hærstyrkar kjem og vanhelgar tempelborga, tek bort det daglege offeret og set opp det motbydelege som øydelegg.
32 Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med glatte ord. Men det folket som kjenner sin Gud, skal stå fast, også i handling.
33 Dei kloke i folket hjelper dei mange til innsikt. Men ei kort tid fell dei som offer for sverd og eld, fangenskap og plyndring.
34 Når dei fell, får dei berre litt hjelp. Mange sluttar seg til dei, men med baktankar.
35 Nokre av dei kloke fell som offer, så dei blir lutra og reinsa og vaska reine til endetida. For den fastsette tid er enno ikkje komen.
36 Kongen skal fara fram som han vil, opphøgja seg og gjera seg større enn alle gudar. Mot Gud over gudane talar han uhøyrde ord. Han har lukka med seg heilt til vreiden tek slutt. For det som er fastsett, må skje.
37 Han bryr seg ikkje om sine fedrars gudar, heller ikkje om guden som kvinnene elskar, eller nokon annan gud. Han gjer seg sjølv større enn dei alle.