34 Når dei fell, får dei berre litt hjelp. Mange sluttar seg til dei, men med baktankar.
35 Nokre av dei kloke fell som offer, så dei blir lutra og reinsa og vaska reine til endetida. For den fastsette tid er enno ikkje komen.
36 Kongen skal fara fram som han vil, opphøgja seg og gjera seg større enn alle gudar. Mot Gud over gudane talar han uhøyrde ord. Han har lukka med seg heilt til vreiden tek slutt. For det som er fastsett, må skje.
37 Han bryr seg ikkje om sine fedrars gudar, heller ikkje om guden som kvinnene elskar, eller nokon annan gud. Han gjer seg sjølv større enn dei alle.
38 I staden ærar han borgguden. Ein gud som fedrane hans ikkje kjende, ærar han med gull og sølv, edle steinar og andre dyre ting.
39 Han går mot dei sterke festningane med hjelp frå ein framand gud. Dei som dyrkar denne guden, viser han stor ære. Han set dei til å råda over mange og deler ut jord som løn.
40 I endetida skal kongen i sør støyta saman med han, og kongen i nord skal storma fram mot han med vogner og ryttarar og mange skip. Han dreg inn i land etter land og fer fram som ei stormflod.