40 I endetida skal kongen i sør støyta saman med han, og kongen i nord skal storma fram mot han med vogner og ryttarar og mange skip. Han dreg inn i land etter land og fer fram som ei stormflod.
41 Så dreg han inn i det herlege landet, og titusental skal falla. Men desse skal sleppa unna hans hand: Edom og Moab og dei fremste av ammonittane.
42 Han retter handa ut mot land etter land, heller ikkje Egypt slepp unna.
43 Han skal rå over skattar av gull og sølv og alle dyre eigneluter i Egypt. Sjølv libyarar og kusjittar må følgja han.
44 Då skal rykte frå aust og frå nord skremma han, og han tek ut i stor vreide for å slå mange med bann og utrydda dei.
45 Han set opp kongsteltet sitt mellom havet og det herlege, heilage fjellet. Men han går mot undergangen, og ingen hjelper han.